Heimehjelp - Heimetenester Eikelandsosen

Bjørnafjorden kommune
deltid Helgestilling
Helse
Søknadsfrist: 21. september 2020
Publisert: 8. september 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Heimehjelp – Heimetenester Eikelandsosen

Beskrivelse

Vi har ledig vikariat i 83,10 % stilling som heimehjelp med helgestilling i pleien

Stillinga er ledig frå snarast og fram til 19.06.21.

Arbeidsstad

Heimetenester Eikelandsosen, gruppe 2

Arbeidsoppgåver

Utføre praktisk bistand etter vedtak til brukarar
Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid.
Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrer blir følgt.
Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak.
Bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande.
Bidra til godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

Assistent/reinhaldar med helsefagleg erfaring eller tilsvarande praksis.
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
Førarkort kl B og disponere bil.

Bestått Norskkurs nivå B1/B2, for søkjarar utanfor Norden.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest

Eigenskapar

Sjølvstendig og strukturert.
Løysingsorientert og endringsvillig.
Fleksibel og lojal.
God evne til etisk refleksjon over eigen praksis.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Motiverande og engasjerande medarbeidar med godt humør.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten