Ferievikarar - helsesekretær/helsepersonell

Bjørnafjorden kommune
Ferievikar
Helse
Søknadsfrist: 15. juni 2020
Publisert: 3. juni 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Ferievikarar – helsesekretær/helsepersonell

Beskrivelse

Vi har behov for sommarvikarar, snarast.
Ønskjer du bruka sommaren til å skaffa deg spanande praksis?
Kan ferievikariat i Bjørnafjorden kommune vera noko for deg?

Arbeidsstad

Moberg legesenter og Eikelandsosen legekontor i Bjørnafjorden kommune

Moberg legesenter ligg i Mobergsbakken 111, Os. Kontoret har 3 legeheimlar, samt ein turnuslege.
Eikelandsosen legekontor ligg i nye lokaler i Fjord`n senter i Leiro, 33, Eikelandsosen. Kontoret har 5 legeheimlar.

Arbeidsoppgåver

– Timebestillingar
– Telefonservice og pasientinformasjon
– Blodprøvetaking og analyse av prøvar
– Journalføring
– Anna pasientretta praktisk arbeid i samarbeid med lege
– Andre administrative oppgåver

Kvalifikasjonar

– Du har autorisasjon som helsesekretær
– Er du nyutdanna sjukepleiar eller sjukepleiarstudent (fullført 2. året) eller medisinerstudent kan du og verta vurdert.
– Det er ønskjeleg at du har arbeidd som helsesekretær
– Det er ein fordel om du har brukt journalsystemet Infodoc
– Du må snakka og skriva godt norsk
– Vi legg vekt på personlege eigenskapar. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, samarbeidsorientert, fleksibel og som kan
arbeida sjølvstendig.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Du må ha gyldig politiattest i hht Helsepersonelloven § 20a leggjast fram.

Vi tilbyr

Vi tilbyr gode utviklingsmogelegheiter, faglege utfordringar og interessante arbeidsdagar i eit godt arbeidsmiljø.
Tilsetjing som timeløna skjer ellers på dei vilkår som følger av gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar, med gunstige
pensjons- og forsikringsordningar.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten