Ferievikarar - Heimetenester Os

Bjørnafjorden kommune
Ferievikar
Helse
Søknadsfrist: 3. mai 2020
Publisert: 4. mars 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Ferievikarar – Heimetenester Os

Beskrivelse

Kan eit ferievikariat i Heimetenester Os vera det rette for deg i sommar?

Vi treng ferievikarar som kan overta når våre tilsette skal ha ferie i perioden 22.06.20-16.08.20 (veke 26 – 33).
Du vil få ein meiningsfull sommarjobb med mange interessante og varierande oppgåver, og godt samarbeid med
kjekke og dyktige kollegaer. Her har du ein god moglegheit for å skaffa deg spanande praksis.

Arbeidsstad

Vi treng ferievikarar i heimetenestene innan heimesjukepleie og heimehjelp.

Dersom du har spesielle ønskjer, er det viktig at det kjem fram i søknaden.
Tilsetjing vert gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden snarast.
Vi ønskjer at du kan jobba minst 4 veker i samanhengande periode om sommaren.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som er:
Engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeida med menneske.
Vi oppmodar særleg studentar innan helsefagleg utdanning å søkja.
Du må vera fylt 18 år og ha førarkort kl B. Det er ein fordel/ønske om at du kan disponere privat bil.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Framanspråklege må dokumentere godkjent norskprøve på nivå B1/B2.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale, med eigen avlønning for studentar med relevant utdanning.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten