Ferievikarar – Heimetenester Eikelandsosen

Bjørnafjorden kommune
vikar
Helse
Søknadsfrist: 3. mai 2020
Publisert: 20. februar 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Ferievikarar – Heimetenester Eikelandsosen

Beskrivelse

Ferievikarar – veke 26 – 33

Ønskjer du bruka noko av sommaren til å skaffa deg spanande praksis?
Kan ferievikariat i Heimetenesta – Eikelandsosen vera noko for deg?

Arbeidsstad

Vi treng ferievikarar ved dei ulike avdelingane i heimetenestene:

Baldersheim gr 1: heimesjukepleie, heimehjelp og reinhaldar.

Eikelandsosen gr 2: heimesjukepleie og heimehjelp.

Dagsenter for eldre og demente.

Dersom du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden.
Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.
Vi ønskjer at du kan jobba minst 4 veker i samanhengande periode om sommaren.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter:
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, aktivitør, assistentar,studentar innan
helsefag.

Vi søkjer deg som kan jobba både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre.
Du må vera fleksibel, lojal og pliktoppfyllande.
Gode kommunikasjonsevner og godt humør er også ein føresetnad.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale, med eigen avlønning for studentar med relevant utdanning.

Slik søkjer du

Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten