Ferievikarar - Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS)

Bjørnafjorden kommune
Ferievikar
Helse
Søknadsfrist: 3. mai 2020
Publisert: 20. februar 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Ferievikarar – Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS)

Beskrivelse

Kan eit ferievikariat ved Fusa bu- og behandlingssenter vera det rette for deg i sommar?

Vi treng ferievikarar som kan overta når våre tilsette skal ha ferie i perioden 22.06.20-16.08.20
Du vil få ein meiningsfull sommarjobb med mange interessante og varierande oppgåver, og godt samarbeid med kjekke og dyktige kollegaer. Her er ein gyllen moglegheit for å skaffa deg spanande praksis.

Arbeidsstad

Vi treng ferievikarar ved dei ulike avdelingane ved FBBS som er:
demensavdeling
korttids- og rehabililteringsavdeling
langtidsavdeling
reinhald og vaskeri
kjøkken

Om du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden. Skriv også kva periode du kan arbeida og kva stillingsstorleik du ynskjer.
Vi ønskjer at du kan jobba minst 4 veker i ein samanhengande periode om sommaren.
Dersom du er den rette, kan me gjere tilpassingar.

Tilsetjing vert gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast!

Arbeidsoppgåver

Pleie- og omsorg, aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon, reinhald og måltid-/kjøkkenarbeid.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter:
sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, aktivitør, studentar innan helsefag og pleiemedarbeidarar.

Vi vil prioritere dei som er over 18 år, men alle vil bli vurdert.

Du kan jobbe sjølvstendig og i godt samarbeid med andre.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Du er pliktoppfyllande, fleksibel og samarbeidsvillig.
Du har gode kommunikasjonsevner, godt humør og har evne til å møte andre på ein respektfull måte.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Ein meiningsfull sommarjobb
Nyttig og verdifull arbeidserfaring, med rom for faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale, med eigen avlønning for studentar med relevant utdanning.

Vi ser fram mot å høyre frå deg!

Slik søkjer du

Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten