Ferievikarar – Bjørnafjorden og Samnanger legevakt 2020

Bjørnafjorden kommune
vikar
Helse
Søknadsfrist: 31. mai 2020
Publisert: 20. februar 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Ferievikarar – Bjørnafjorden og Samnanger legevakt 2020

Beskrivelse

Bjørnafjorden og Samnanger legevakt søkjer etter sjukepleiarar eller medisin studentar med lisens som ferievikarar sommaren 2020 og eventuelt fortsetja som ringevikar.

Arbeidsstad

Bjørnafjorden og Samnanger legevakt/Moberg legesenter.
Vi er samlokalisert med Ambulansetenesta og Brann og redning i Mobergsbakkane 111, Os.

Legevakta skal sikra befolkningas behov for øyeblikkeleg hjelp. Legevaktordninga skal blant anna:
– vurdere, gje råd og veileda ved henvendingar om øyeblikkeleg hjelp
– diagnostisere og handsama akutte medisinske tilstandar ved legekonsultasjonar og sjukebesøk og ved behov henvise til andre tenester i kommunen, blant anna fastlege, og eventuelt spesialisthelseteeneste og yte hjelp ved ulykker og andre akutte situasjonar, blant anna rykke ut umiddelbart når det er nødvendig

Moberg Legesenter er eit kommunalt fastlegekontorsenter i Bjørnafjorden kommune og held til i same lokala som legevakta.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet går ut på å svara på hendvendingar til legevaktsentralen for kommunane Austevoll, Bjørnafjorden og Samnanger,
samt teamarbeid saman med lege- og ambulansepersonell på legevakta og ute i kommunane, Samnanger og Bjørnafjorden.

Som ferievikar jobbar du i 3-delt turnus.

Vi treng i ferievikarar i månadane juni, juli og august. Det kan også vere aktuelt med oppstart eller opplæring i mai
månad for dei som har høve til dette. Skriv i søknaden din kva periode som er aktuelt for deg å jobbe. Vikarar som kan
jobbe samanhengande og dekke eit størst mogleg tidsrom av sommaren vil bli prioitert.

Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.

Kvalifikasjonar

Du må væra sjukepleiar eller medisin student m/lisens eller få lisens før du tek til som ferievikar
– Du må kunne jobba sjølvstendig
– Du må kunne handtera akutte situasjonar
– Du må ha generelle datakunnskapar
– Du må ha sertifikat, klasse B
– Det vert lagt særleg vekt på dine personlege eigenskapar

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Ein spanande og utfordrande arbeidsplass, godt tverrfaglig samarbeid.
Ein kvardag med variasjon, mangfald og kompleksitet.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten