Ferievikarar 2020 -Tilrettelagte tenester vaksne

Bjørnafjorden kommune
Vikariat
Helse
Søknadsfrist: 14. april 2020
Publisert: 19. februar 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.

Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Ferievikarar 2020 -Tilrettelagte tenester vaksne

Beskrivelse

Ønskjer du bruka sommaren til å skaffa deg spanande praksis?
Kan ferievikariat i Bjørnafjorden kommune vera noko for deg?

Arbeidsstad

Tilrettelagte tenester for vaksne i Bjørnafjorden kommune gjer tenester til vaksne med ulike funksjonsnedsettingar, i hovudsak personar med utviklingshemming over 18 år. Tenesta består av 8 bufellesskap, ambulante tenester og 2 dagsenter.

Behovet for ferievikarar gjeld i bufellesskapa, som er følgande avdelingar:

– Hellemyra Bufellesskap
– Torsneset Bufellesskap
– Kunhletunet rekke 1
– Kuhnletunet rekke 2
– Vestre Lurane bufellesskap
– Bolig Moberg
– Idrettsvegen bufellesskap
– Bjørnefjorden bufellesskap

Ta gjerne med i søknaden din om det høver best for deg å jobbe på Fusa sida eller Os sida av kommunen.
Vi treng ferievikarar i månadane juni, juli og august. Det kan også vere aktuelt med oppstart eller opplæring i mai
månad for dei som har høve til dette. Skriv i søknaden din kva periode som er aktuelt for deg å jobbe. Vikarar som kan
jobbe samanhengande og dekke eit størst mogleg tidsrom av sommaren vil bli prioitert.

Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å sende inn søknaden din snarast.

Kvalifikasjonar

Er du engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeide med menneske, er du velkomen til å
søkje sommarjobb i Bjørnafjorden kommune.

Tilrettelagte tenester for vaksne oppmodar særleg studentar innan helse, sosialfaglege og pedagogiske studie til å
søkje.

Du må vera fylt 18 år.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjend
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten