Ferievikarar 2020 -Tilrettelagte tenester barn og unge

Bjørnafjorden kommune
Ferievikar
Helse
Søknadsfrist: 30. april 2020
Publisert: 28. februar 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Ferievikarar 2020 -Tilrettelagte tenester barn og unge

Beskrivelse

Ønskjer du å bruka noko av sommaren til å skaffa deg spanande praksis?
Kan ferievikariat i Bjørnafjorden kommune vera noko for deg?
Vi ønskjer at du kan jobbe i perioden 25.06.20 – 01.09.20.

Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.

Arbeidsstad

Tilrettelagte tenester for barn og unge i Bjørnafjorden er eit avlastingstilbod, og bustad for personar under 18 år med
nedsett funksjonsevne. Det er eit kommunalt tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på begge sider av fjorden, med
Varafjell avlastningssenter og Fusa avlastning. Sentera ligg strategisk plassert nær skule, idrettsplass og
friluftsområde. I tillegg yt vi tenester i heim og på skule / SFO.

Dersom du har bestemte ønskjer om avdeling, er det viktig at du set det opp i prioritert rekkefølgje i søknaden.

Kvalifikasjonar

Er du fylt 18 år og er engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeide med barn og unge, er du velkomen til å søkje sommarjobb i Bjørnafjorden kommune.
Det vil vere ein fordel om du har fagbrev som helsefagarbeidar / barne -og ungdomsarbeidar eller er under helsefagleg utdanning.
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Løn i samsvar med lov og avtaleverk – spesiell avlønning for studentar under relevant utdanning.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten