Ferievikarar 2020 - Luranetunet bu- og behandlingssenter

Bjørnafjorden kommune
Ferievikar
Helse
Søknadsfrist: 31. mars 2020
Publisert: 20. februar 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Ferievikarar 2020 – Luranetunet bu- og behandlingssenter

Beskrivelse

Ferievikarar veke 26-33

Ønskjer du bruka noko av sommaren til å skaffa deg spanande praksis eller ein meiningsfull feriejobb?
Då kan kanskje ferievikariat ved Luranetunet bu- og behandlingssenter vera noko for deg?

Arbeidsstad

Luranetunet bu- og behandlingssenter

Luranetunet har 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar, samt serviceavdelingar.
Vi har og ein flott innebygd tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette. For meir informasjon sjå Luranetunet si facebookside.

Behovet for ferievikarar gjeld i pleie- og omsorgstenesta, ved følgjande avdelingar:
– Behandlingsavdeling
– Rehabiliteringsavdeling
– Buavdeling 1. etg.
– Buavdeling 2. etg.
– Avd. Breheim
– Avd. Bergheim
– Avd. Fjordheim
– Avd. Solheim
– Avd. Skogheim
– Avd. Lyngheim
– Reinhaldsavdeling
– Vaskeriavdeling
– Nattevaktslag (5 stk)

– Dersom du har bestemte ønskjer om avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden
– Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast
– Vi ønskjer at du kan jobba minst 4 veker i samanhengande periode om sommaren.
– Vi har ulike vaktordningar som t.d. langvakter som bidreg til at ein kan få lengre friperiodar mellom vaktene. Du vil bli kontakta for samtale der også slike ønskjer kan avklarast.

Kvalifikasjonar

Er du engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeida med menneske, er du velkomen til å søkja sommarjobb hos oss.
Du må vera fylt 18 år.
Vi oppmodar særleg studentar innan helsefagleg utdanning å søkja.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjend og framanspråklege må dokumentere godkjent norskprøve på nivå B1/B2
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Løn i samsvar med lov og avtaleverk – spesiell avlønning for studentar med relevant utdanning.

Vi ser fram til å høyra frå deg !

Slik søkjer du

Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten