Ferievikar 2020 – Teknisk drift

Bjørnafjorden kommune
Ferievikar
Teknisk drift
Søknadsfrist: 20. april 2020
Publisert: 20. februar 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Ferievikar 2020 – Teknisk drift

Beskrivelse

Ønskjer du å bruke sommaren til å skaffa deg spanande praksis?
Kan ferievikariat i Bjørnafjorden kommune vera noko for deg?

Arbeidsstad

Teknisk drift Bjørnafjorden består av 2 avdelingar på Os og 1 i Fusa. Me søkjer ferievikarar til både Os og Fusa.

Arbeidsområda er delt opp i
– grøntanlegg/eigedomsdrift
– samferdsle /vatn og avlaup

Dersom du har bestemte ønskjer om avdeling og arbeidsområde, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden.
Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.

Arbeidsoppgåver

Grøntanlegg/eigedomsdrift:
Vedlikehald av kommunen sine grøntanlegg, samt utandørs vedlikehaldsarbeid knytt til kommunale bygg

Samferdsle/VA:
Diverse arbeid knytt til oppgåver forvaltning Veg, vatn og avløp

Kvalifikasjonar

Grøntanlegg/eigedomsdrift
– Du er engasjert, allsidig, praktisk og “nevenyttig”
– Du kan jobbe sjølvstendig
– Du har førarkort klasse B

Samferdsle/VA
– Du har erfaring i og interesse for bruk av PC
– Du er engasjert, allsidig, praktisk og “nevenyttig”
– Du kan jobbe sjølvstendig
– Du har førarkort klasse B

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. (gjeld stillingar på eigedom)

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Løn i samsvar med lov og avtaleverk

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten