Fagarbeidar -Tilrettelagte tenester barn og unge

Bjørnafjorden kommune
heiltid
Helse
Søknadsfrist: 22. september 2020
Publisert: 9. september 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Fagarbeidar -Tilrettelagte tenester barn og unge

Beskrivelse

Ledig 100% fast stilling for fagarbeidar

Tilrettelagte tenester for barn og unge i Bjørnafjorden er eit avlastingstilbod, og bustad for personar under 18 år med nedsett funksjonsevne. Det er eit kommunalt tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på begge sider av fjorden, med
Varafjell avlastningssenter og Fusa avlastning. Sentera ligg strategisk plassert nær skule, idrettsplass og friluftsområde. I tillegg yt vi tenester i heim og på skule.

Ledig stilling er f.t ved Varafjell avlastningssenter.

Arbeidsstad

Varafjell avlastningssenter tilbyr avlastning til foreldre med funksjonshemma barn og unge. Det er for tida 28 barn og deira pårørande som nyttar tilbodet ved avlastninga.
Varafjell avlastningssenter ligg strategisk plassert i Industrivegen, nær idrettsanlegget på Kuventræ.

Arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt opp mot barn/ ungdom på avlastning, i skule/sfo og i heim. Ein ønskjer så langt som råd er å begrense

talet vaksne kvart barn må forholde seg til, slik at stillinga vil kunne variera mellom dei tre nemnte arenaer.

Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. I funksjonen inngår førebyggjing, habilitering og rehabilitering. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne. Reflekterande omsorg, målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

Du må vere villig til å ta på deg hovudkontaktarbeid. Dette arbeidet inneber blant anna å følgje særskilt med på barnet sitt tilbod, stille på møter og vera ein aktiv deltakar i utvikling av barnet sitt tilbod.
Vidare må du rekne med å arbeide aktivt saman med, og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sine pårørande, familie, vener og hjelpeapparatet elles.

Ønskjer du å vere ein del av eit spennande arbeidsmiljø er denne stillinga heilt perfekt for deg. Du ønskjer utfordringar og er oppteken av å ivareta barnet som om det var ditt eige. På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gje barnet eit godt heilhetleg tilbod. Du er både sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner. Du er klar for noko nytt og spennande, er endringsvillig og spontan.

Stillinga er i turnus med arbeid på dag, kveld og helg. Du må kunne arbeide frå klokka 7.00

Kvalifikasjonar

Du har:
– Fagbrev som helsefagarbeidar eller er i ferd med å ta fagbrev.
– spesiell interesse og erfaring frå arbeid med barn og ungdom med nedsett funksjonsevne

Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.

Vi legg vekt på å setje saman personalgruppa med størst muleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt særleg vekt på din erfaring med brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten