Fagarbeidar - Tilrettelagte tenester barn og unge

Bjørnafjorden kommune
deltid
Helse
Søknadsfrist: 22. september 2020
Publisert: 9. september 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Fagarbeidar – Tilrettelagte tenester barn og unge

Beskrivelse

Vi søker fagarbeidarar til hhv 50% og 75% fast stilling

Tilrettelagte tenester for barn og unge i Bjørnafjorden er eit avlastingstilbod, og bustad, for personar under 18 år med
nedsett funksjonsevne. Det er eit kommunalt tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod på begge sider av fjorden, med
Varafjell avlastningssenter, Os avlastning og Fusa avlastning. Sentera ligg strategisk plassert nær skule, idrettsplass
og friluftsområde. I tillegg yt vi tenester i heim og på skule.

Vi har ledig 2 stillinger for fagarbeidarar i hhv 50% og 75%, med snarleg oppstart. La det koma fram i søknaden din prioritert stillingsstorleik.

Arbeidsstad

Ledige stillinger er for tida lokalisert til Fusa avlastning.

Arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt opp mot barn/ ungdom på avlastning, i skule/sfo og i heim. Ein ønskjer så langt som råd er å begrense

talet vaksne kvart barn må forhalde seg til, slik at stillinga vil kunne variera mellom dei tre nemnte arenaer.

Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane.

Arbeidet består i å yte brukarane den bistand dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar
og gjere brukarane meir sjølvhjelpne. Reflekterande omsorg, målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er
sentrale arbeidsoppgåver. I funksjonen inngår førebyggjing, habilitering og rehabilitering.

Du må vere villig til å ta på deg hovudkontaktarbeid.
Dette arbeidet inneber blant anna å følgje særskilt med på barnet sitt tilbod, stille på møter og vere ein aktiv deltakar i
utviklinga av barnet sitt tilbod. Vidare må du rekne med å arbeide aktivt saman med, og vere initiativtakar i høve
tenestemottakaren sine pårørande, familie, vener og hjelpeapparatet elles.

Kvalifikasjonar

Du har/er:
– relevant fagutdanning/ spesiell interesse og erfaring frå arbeid med barn og ungdom med nedsett funksjonsevne
– kompetanse i alternativ kommunikasjon og teikn til tale
– erfaring med utfordrande åtferd og mestring av vald
– bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk

Kven er du?
Du ønskjer å vere ein del av eit spanande arbeidsmiljø, llikar utfordringar, er sjølvstendig og har gode
samarbeidsevner. Du er oppteken av å ivareta barnet som om det var ditt eige, og på bakgrunn av dine gode faglege og

etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gje barnet eit godt heilskapleg tilbod. Du er klar for noko nytt og
spanande, er endringsvillig og spontan.

Vi legg vekt på å setje saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt særleg vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten