Deltidsmannskap (brannkonstabel) - Bjørnafjorden brann og redning hovedstasjonen på Moberg

Bjørnafjorden kommune
Deltid Vikariat
Brannkonstabel
Søknadsfrist: 4. desember 2020
Publisert: 20. november 2020

Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter kommunesamanslåinga mellom Os og Fusa kommune. Kommunen har i underkant av 25 000 innbyggarar med rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står ovanfor store endringar, og er avhengig av stor medverknad frå alle sine tilsette. Leiinga anerkjenner dei tilsette sine kvalitetar og oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader, workshops og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag. Målet for Bjørnafjorden kommune er å vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. Med desse måla, saman med større omstilling i organisasjonen treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?

Deltidsmannskap (brannkonstabel) – Bjørnafjorden brann og redning hovedstasjonen på Moberg

Beskrivelse

Bjørnafjorden brann og redning har ledig 2 x 3% faste stillinger og eit vikariat til 31.12.2021 som deltids brannkonstabel ved beredskapsavdelinga.
Bjørnafjorden brann og redning har rundt rekna 60 heil- og deltidstilsette fordelt på tre stasjonar i kommunen.
Stasjonane ligg på Moberg, Venjaneset og i Eikelandsosen.

Beredskapsavdelinga er organisert med 4 vaktlag à 5 personar, som har heimevakt kvar 4. veke. I tillegg er det
dagberedskap på stasjonen.

Arbeidsstad

Hovedbrannstasjonen på Moberg

Arbeidsoppgåver

– brannkonstabel ved brann, ulukke og andre redningsoppdrag
– systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt kompetanse
– bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø
– bidra til at Bjørnafjorden brann og redning er synleg og tilstades for innbyggjarane på ein god måte
– andre oppgåver kan bli tillagt stillinga

Du må delta i dreiande vaktordning (heimevakt) kvar 4.veke, samt bere varslingseining på fritida.

Kvalifikasjonar

Du må ha:
– fagbrev eller anna relevant arbeidserfaring
– bustad maks 5 frå Os brannstasjon på Moberg
– utvida politiattest og helseattest
– god fysisk og psykisk helse
– kunne fylle kravene som røykdykkar
– førarkort minimum klasse B, du må pårekne å ta klasse C for eigen rekning om du ikkje har det frå før
– gode samarbeidsevner og kunne inngå i et team
– svømmedyktig

Det er ønskjeleg at du har:
– gjennomført yrkesutdanning for brannkonstablar i henhold til gjeldande reglar.
– erfaring frå beredskapsarbeid
– redningsdykkarkompetanse
– førstehjelpskompetanse
– røykdykkar kompetanse/ erfaring
– instruktørerfaring
– kode 160
– avtent førstegongsteneste
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til å vere fleksibel og løysingsorientert.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten