Barne- og ungdomsarbeidar - Os ungdomsskule

Bjørnefjorden kommune
Barne- og ungdomsarbeidar Vikariat
Ungdomsskule
Søknadsfrist: 31. juli 2020
Publisert: 25. juni 2020

Har du sosialfagleg kompetanse innan barne- og ungdomsarbeidarfaget og vil vere med å leggje til rette for trivsel, meistring og læring for elevar? Os ungdomsskule har frå 01.08.2020, ledig to 78% stillingar for barne- og ungdomsarbeidar, eit vikariat og eit engasjement for skuleåret 2020/21.

Vi søkjer deg som vil vere med å bidra til godt læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Bjørnafjorden kommune, med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø.

Arbeidsstad

Os ungdomsskule ligg sentralt til i Os sentrum, har 55 tilsette og 410 elevar fordelt på 5-6 klassar på kvart trinn. Elevtalet er aukande i åra som kjem.

Arbeidsoppgåver

Leggje til rette for positiv utvikling for alle elevar og setje i verk utviklingsstøttande tiltak.
Følgje opp elevar i skulen.
Delta i planlegging saman med personalet.
Vere ein tydeleg vaksen.

Kvalifikasjonar

Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget, men andre med relevant utdanning og arbeidserfaring vil og bli vurdert. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Erfaring frå arbeid med ungdommar.
God relasjonskompetanse.
Søkjarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Ønska kvalifikasjonar

Vi søkjer etter kloke og fagleg dyktige medarbeidarar som har evne til å skapa gode relasjonar til elevane. I tillegg til formell kompetanse, er vi opptekne av personlege eigenskapar og ser etter deg som:
– er positiv, engasjert, lojal og støttande både i høve elevar, tilsette og samarbeidspartar
– kan jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
– tydeleg og god på kommunikasjon
– strukturert og systematisk, kreativ og løysingsorientert

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.
Komprimert arbeidstid i 39 veker. Du vil dermed ha fri i elevane sin haust-, jule-, vinter-, og påskeferie og mesteparten av sommarferien.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten