Avdelingsleiar ved Lysekloster barneskule

Bjørnafjorden kommune
Heiltid
Avdelingsleiar
Søknadsfrist: 6. desember 2020
Publisert: 19. november 2020

Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter kommunesamanslåinga mellom Os og Fusa kommune. Kommunen har i underkant av 25 000 innbyggarar med rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står ovanfor store endringar, og er avhengig av stor medverknad frå alle sine tilsette. Leiinga anerkjenner dei tilsette sine kvalitetar og oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader, workshops og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag. Målet for Bjørnafjorden kommune er å vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. Med desse måla, saman med større omstilling i organisasjonen treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?

Avdelingsleiar ved Lysekloster barneskule

Beskrivelse

Vi har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar for SFO frå januar 2021

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad

Lysekloster barneskule er ein 1.-7. skule med om lag 190 elevar og 25 tilsette. Skulen ligg ved idrettsbanen i Lysefjorden og er tilrettelagt for læring og leik både ute og inne. Bygda og lokalmiljøet er ein viktig arena i skulen si opplæring. I samarbeidet med heimane skal vi skape eit trygt oppvekst- og læringsmiljø for barn i bygda.

Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar for SFO – administrativt og pedagogisk ansvarleg for SFO. Planlegge og gjennomføre aktivitetar med SFO-barna. Oppfølging av administrative oppåver knytt til drift av skule / SFO – mellom anna innkjøp, timelister og personalmeldingar. Stillinga vil og innehelde personalansvar. Opplæring i bruk av interne datasystem vil bli gitt. Vi har bruk for medarbeidarar som ser gode løysingar innanfor strukturering av arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar

Godkjent lærarutdanning frå Høgskule eller Universitet. Anna høgskuleutdanning kan vere aktuelt. Pedagogisk utdanning vil bli vektlagt. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent. Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg. Nynorsk er administrasjonsmålet i Bjørnafjorden kommune.
Vi treng deg som har erfaring frå arbeid med barn og som vil bidra positivt inn skulen sitt arbeid kring det pedagogiske læringsmiljøet for vaksne og barn. Fordel med innblikk og erfaring i bruk av skoleadministrative datasystem.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Ønska kvalifikasjonar

Det er ønskjeleg at du har leiarerfaring. I tillegg til formell kompetanse, er vi opptekne av personlege eigenskapar.
Vi ønskjer oss medarbeidarar som er glad i å jobbe med barn, og som er strukturerte og tydelege, med gode evner til å kommunisere.
Engasjement, fleksibilitet, samarbeid og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten