Avdelingsleiar Bjørnefjorden bufellesskap - Tilrettelagte tenester vaksne

Bjørnafjorden kommune
Avdelingsleiar
Dagtid Helse
Søknadsfrist: 6. juli 2020
Publisert: 25. juni 2020

Bjørnefjorden Bufellesskap er eit nyare bufellesskap med 12 tenestemottakarar med varierande bistandsbehov. Avdelinga har om lag 34 årsverk, og har også funksjonen assisterande avdelingsleiar som har ansvar for å drifta avdelinga saman med avdelingsleiar.

Stillinga som avdelingsleiar er på dagtid.

1. Stillinga si næraste organisatoriske plassering:

Næraste overordna er einingsleiar.

2. Kvalifikasjonar:

– 3-arig helse eller sosialfagleg bachelor utdanning, fortrinnsvis vernepleiar.
– Brei erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming.
– Leiarerfaring.
– Ønskeleg med vidareutdanning innen leiing, rettleiing og/eller relevant vidareutdanning for arbeid med personar med utviklingshemming
– Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

3. Funksjon / ansvarsområde:

Avdelingsleiar skal, saman med einingsleiar, vere med å utvikle tenesta, bidra til felles kulturbygging og legge til rette for god intern organisering. Avdelingsleiar er ein del av leiarteamet som skal drive internt innovasjons- og organisasjonsutviklingsarbeid for å sikre likeverdige, gode og bærekraftige tenester. Faglege og personlege eigenskapar er viktige for å lukkast.
Saman med leiarteamet har avdelingsleiar ansvar for effektiv og forsvarleg drift av tenestene i heile eininga. Dette gjeld mellom anna ved ferieavvikling, sjukdom og andre variasjonar gjennom året.

Arbeidsoppgåver

– Drifte bufellsskapet i henhold til Bjørnafjorden kommune sine verdiar og målsetjingar.
– Sørgje for ansvarleg drift innafor gitt budsjett.
– Sørgje for at det vert gjeve tenester som er faglig og etisk forsvarleg.
– Ansvar for dagleg drift, bemanning og timelister.
– Personalansvar.
– Samarbeid med dei andre bufellesskapa og dagsenteret, parørande og andre samarbeidspartnarar.
– Sørgje for forsvarleg dokumentasjon i henhold til retningslinjer.
– Oppfølging av HMS arbeid.
– Andre praktiske oppgaver

5. Egenskaper

Vi søkjer ein dyktig leiar som:
– Har eit stort engasjement for brukargruppa og som aktivt bidrar til a utvikle tenestetilbodet i trad med gjeldande lovverk, eininga og kommunen sin visjon/misjon og verdisyn
– Har gode gjennomføringsevne og leverer resultat i samsvar med styringsdokument, mal, handlingsplanar
og satsingar
– Har svært god evne til å planlegge, ha oversikt, organisere, koordinere og delegere oppgaver.
– Er brukar- og serviceorientert med ei konstruktiv kommunikasjonsform
– Har god evne til samarbeid, og skaper gode relasjonar internt og eksternt.
– Inspirerer andre og bidrar til arbeidsglede

Vi tilbyr

– Faglege og personlege utfordringar i eit tverrfagleg og inspirerande arbeidsmiljo.
– Gode hove til a vere med a pavirke og utforme ei viktig og spannande teneste.
– Gode pensjons- og forsikringsordningar og lon etter avtale.
– Støtte og fellesskap i eininga sitt leiarteam.
– En arbeidsplass som er en inkluderende arbeidslivs (IA) bedrift.
– Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Slik søkjer du:
Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten