Ass. avd. leiar Bjørnafjorden og Samnanger legevaktsentral

Bjørnafjorden kommune
Heiltid/deltid
Helse
Søknadsfrist: 2. juli 2020
Publisert: 19. juni 2020

Bjørnafjorden og Samnanger legevaktsentral har frå 01.09.20. ledig 100% fast stilling som assisterande avdelingsleiar, 50 % administrasjon og 50 % er i turnus.

Legevakta er ei akutt-teneste på dagtid og utanfor legekontora si arbeidstid.
Med akutt hjelp meinast: «Den helsehjelp som helsetenesten eller en helsearbeider er pliktig til å yte uten opphold eller
snarest når det etter de foreliggende opplysninger må antas at det er påtrengende nødvendig.»

Arbeidsstad

Bjørnafjorden og Samnanger legevaktsentral.
Vi held til i Beredskapsbygget på Moberg, i same bygg som ambulansetenesta og Brann og redning.

Legevaktsentral for kommunane Bjørnafjorden, Samnanger og Austevoll

Arbeidsoppgåver

Sjukepleier oppgåvene er å svara på hendvendinger til legevaktsentralen. Jobbe i team med lege- og ambulansepersonell og handtera pasientar både på legevakta og ute i kommunane.

Oppgåver og ansvarsområde som er knytta mot rolla som assisterande avdelingsleiar er blant anna:
Dagleg drift av avdelinga i samarbeid med avdelingsleiar, stedfortredar for avdelingsleiar, turnusarbeid, oppdatering av
journalsystem, statistikk, delta i opplæring, rettleiing og utvikling av personale, vere med å utvikle og vedlikehalde
internkontrollsystema. Planlegge, gjennomføre og evaluere faglege tiltak i samarbeid med fagsjukepleiar og
leiargruppa.

Kvalifikasjonar

– Du må ha autorisasjon som sjukpleiar og relevant arbeidserfaring, gjerne erfaring frå turnusarbeid og journalsystem
– Det er ønskjeleg at du har relevant videreutdanning
– Du må ha sertifikat, klasse B
– Du må kunne jobba sjølvstendig
– Du må ha generelle datakunnskapar
– Du må ha gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevne
– Det vert lagt særleg vekt på dine personlege eigenskapar
– Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten