Arealplanleggar /byggjesaksbehandlar

Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS
heiltid
Arealplanleggjar byggjesaksbehandlar
Søknadsfrist: 15. august 2020
Publisert: 7. juli 2020

Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS er eit rådgjevande ingeniørkontor med 10 tilsette og kontor i Fjord’n Senter i Eikelandsosen i Fusa. Firmaet vart etablert i 1988.

Hovudoppgåvene er utarbeiding av reguleringsplanar, utarbeiding av byggjesaker,

planlegging –  prosjektering og byggjeleiing av kommunaltekniske anlegg, prosjektleiing og taksering og i sentrale deler av Hordaland og Bergen. Me har for tida oppdrag i om lag 10 kommunar i Hordaland. I eit firma av vår storleik er det ønskeleg at ein har brei kompetanse og interesse for å arbeida med ulike oppgåver og fagfelt.

På grunn av auka arbeidsmengde søkjer me etter nye medarbeidarar:

 

Arealplanleggar

Me søkjer etter person som har kompetanse og interesser innan fagfeltet og som kan styrkja vår organisasjon. Nyutdanna kan søkje.

 

Arbeidsoppgåver:

– Utarbeiding av reguleringsplanar med tilhøyrande plandokument

– Utarbeiding av konsekvensutgreiingar

byggjesaksbehandlar

Me søkjer etter person som har kompetanse og interesser innan fagfeltet og som kan styrkja vår organisasjon. Juridisk kompetanse og god skriftleg evne til formulering vil vere eit føremon.

Arbeidsoppgåver:

– Ha rolla som ansvarleg søkjar og utarbeide byggjesøknader for prosjekt innan både bygg og anlegg

– Utarbeide erklæringar andre avtaletekstar i samband med byggjesaker og andre prosjekt

 

Felles kvalifikasjonar:

– Relevant utdanning frå høgskule og universitetsnivå

– Kunnskap om plan- og bygningslova

– Manglande utdanning kan kompenserast med erfaring

 

Ta kontakt med Andrè Bjørndal, tlf. 950 42 104, andre@byggadmin.no

Søknaden kan sendast på: andre@byggadmin.no

Søknadsfrist: 15.08.2020

 

Os & Fusaposten