VERKSEMDSLEIAR

Bømlo kommune
Søknadsfrist: 5. november 2021
Publisert: 13. oktober 2021

 

VERKSEMDSLEIAR – SPANANDE LEIARSTILLING I BØMLO KOMMUNE

Helse, sosial og omsorg (HSO), Bømlo kommune

Heiltid, 100% fast stilling

 

Frå om lag 01.02.22 vil det bli ledig stilling som verksemsdleiar ved Bømlo bu og helsesenter.

Området omfattar f.t. 88 institusjonsplassar og tenester innan merkantil, reinhald og kjøken på Bømlo bu- og helsesenter og ved Teiglandshagen bufellesskap. Verksemda har 110 årsverk og om lag 180 tilsette.

Helse, sosial omsorg i Bømlo har mange spanande oppgåver framover. Våre prioriteringar gjer me gjennom kommunedelplan og årlege handlingsplanar. Som verksemdleiar blir du sentral i utvikling av og oppfølging av planane. Du vil òg få eit ansvar for å utvikla eit godt totaltilbod i institusjonen. Me har særskilt fokus på å få til tilbod tilpassa den enkelte bebuar og deira pårørande. Du vil i ditt arbeide samhandle tett med andre leiarar og fagpersonar i Bømlo kommune.

Du vil rapportera til kommunalsjef og inngå i leiargruppa til Helse, sosial og omsorg.

 

Arbeidsoppgåver

Som verksemdleiar vil du m.a. ha ansvar for  :

  • Overordna leiing og utvikling av verksemda, samt dagleg drift
  • Økonomi
  • Personal
  • HMS/arbeidsmiljø
  • Kvalitet og kompetanse
Kvalifikasjonar
  • Relevant helsefagleg høgskuleutdanning
  • Formell leiarutdanning,  eller vilje til å gjennomføra dette
  • Anna relevant tilleggskompetanse
Personlege eigenskapar

Me ynskjer ein engasjert leiar som vil arbeida i team med drift og utvikling av institusjonstilbodet  i kommunen. Verksemdsleiar vil vera ein viktig pådrivar for å skapa gode tilbod til bebuarane og eit godt og utviklande arbeidsmiljø. I tillegg ynskjer me at du skal ha:

  • Relevant leiarerfaring/ arbeidspraksis
  • Kunnskap om relevant lovverk og økonomistyring
  • Gode datakunnskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner samt relasjonskompetanse
  • Evne til fleksibilitet, kreativitet, sjølvstendig arbeid og at du kan arbeida systematisk og strukturert for å oppnå resultat
  • God arbeidskapasitet
  • Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt ved tilsetjing.
Vi tilbyr

Lønn etter avtale. For stillinga gjeld ellers vanlege kommunale tilsetjingsvilkår.

Eit spennande og utviklande arbeidsmiljø. Me vil at du som leiar skal oppleva fagleg og personleg utvikling i arbeidet ditt gjennom kompetansetiltak og  i samspel med dine leiarkollegaer og medarbeidarar.

Du vert tilsett i Bømlo kommune med arbeidsstad f.t. Bømlo bu- og helsesenter. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale.

Kjell Magnar Mellesdal, tlf. 480 29 947.
———————————————————————————————————–

Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rausemodige og engasjerte medarbeidarar.

Raus – hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig – me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert – driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.

Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.

SØK HER

Bømlo-nytt