Verksemdleiar NAV Bømlo

Bømlo kommune
Søknadsfrist: 31. januar 2020
Publisert: 8. januar 2020

Verksemdleiar NAV Bømlo

NAV Bømlo sitt bygg ved Storavatnet . (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

NAV Bømlo har nye og innbydande kontor- og møtelokaler med fantastisk utsikt mot Storavatnet. Våre dyktige medarbeidarar ventar no spent på å få ny verksemdsleiar. Er dette ei utfordring for deg?

NAV sitt overordna mål er å gi menneske høve til arbeid og aktivitet og samtidig sikre rettar til velferdsytingar. NAV-kontoret i Bømlo er etablert i eit partnarskap mellom NAV Hordaland (stat) og Bømlo kommune. Me kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver i ein organisasjon med særs viktige samfunnsoppdrag. NAV Bømlo har medarbeidarar som er statlege og kommunalt tilsette. Verksemdleiar vert tilsett på kommunale vilkår. Denne skal rapportere både til Bømlo kommune og til NAV Hordaland i samsvar med lokal samarbeidsavtale. Det set krav til å handtere både statlege og kommunale styringssystem, og leie dei tilsette innanfor både det statlege og kommunale regelverket.

Arbeids- og ansvarsområde:

• Bidra til å realisere NAV-reforma i Bømlo kommune, og dei til ei kvar tid gjeldande styringsdokument for tenesta.
• Resultatansvar knytt til målet om fleire i arbeid og færre på stønad
• Fagleg og administrativt ansvar for kontoret og personalansvar for tilsette
• Nært samarbeid med andre einingar og samarbeidspartar
• Generelt utviklingsarbeid i tråd med vedtekne handlingsplanar

Kvalifikasjonar :

• Relevant høgare utdanning på høgskule-/ universitetsnivå – minimum 3 år.
• Leiarutdanning og/eller leiarpraksis frå offentleg og/eller privat verksemd.
• Forståing for arbeids- og velferdspolitikken i ein samfunnsmessig samanheng.
• Kunnskap om målstyring, økonomistyring og evne til å prioritere ut frå eit heilskapsperspektiv
• Erfaring frå samhandling med dei tilsette sine representantar
• Dokumentert gjennomføringsevne og evne til å skapa resultat
• Gode evner til å skape relasjonar og kommunikasjon.

Personlege eigenskapar vert vektlagt:

• Evne til å motivere, inspirere og engasjere
• Tydeleg, strukturert og resultatorientert
• Initiativrik og løysningsdyktig
• Evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar internt og eksternt kunne handtere dei utfordringar som ligg i partnarskapsmodellen med kommunen
• Menneskesyn og haldningar som støtter opp under organisasjonen sine verdiar
NAV er oppteken av mangfald og me oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Me tilbyr:

• Utfordrande oppgåver i eit moderne og aktivt arbeidsmiljø
• Deltaking i vidareutvikling av ei verksemd med ambisiøse mål
• Fast 100 % stilling i Bømlo kommune
• Løn etter avtale
• Pensjonsordning
Fleire opplysningar om stillinga får du i Bømlo kommune ved kommunalsjef Kjell Magnar Mellesdal – 480 29 947 eller avdelingsdirektør i NAV Sunnhordland Astrid K. Østerlid – 90 56 28 78.

Søk elektronisk her innan 31. januar 2020

Bømlo-nytt