Sommarvikar 2020

Bømlo kommune
Søknadsfrist: 1. mars 2020
Publisert: 17. januar 2020

Sommarvikar 2020

Pleie- og omsorg / Habiliteringstenesta / Barne- og familietenesta / Legetenesta / Miljøtenesta i rus og psykisk helse

 

Kva med å kombinera sommaren med arbeid for nokon som verkeleg treng deg og din kompetanse? Bømlo kommune treng sommarvikarar på fleire fagområde innan pleie- og omsorg, kjøkenassistentar, miljøtenesta i rus og psykisk helse, barne- og familietenesta, habiliteringstenesta, legetenesta, teknisk drift og i kundetorget/turistinformasjonen.

PS: Innan helse- og omsorg vert kvalifiserte søkjarar vurdert og kan få tilbod før søknadsfrist utgår.

Generelt

• Dei som vert tilsett hjå oss må stille seg til rådvelde minst 4 veker i løpet av ferieavvikling.
• Det er naudsynt med eigen søknad for kvar av arbeidsstadane du søkjer.
• «Eigenerklæring – kontroll av tuberkulose og MRSA» er eit skjema som skal fyllast ut av alle som skal jobbe i direkte kontakt med pasientar, pleietrengende og born. Det gjeld alle nytilsette, vikarer, hospitanter og studenter. Dersom ja på eit av spørsmåla er det krav om vidare testing.
• Meir informasjon om dei einskilde tenestene finn du i lenkjene.
• Kundetorget tlf.nr 53 42 30 14 hjelper deg med å kome i kontakt med rette vedkomande.

 

Fylgjande opplysningar er viktig å notera i elektronisk søknadsskjema i feltet «kortfatta søknad”:

• Om du søkjer sommarjobb på meir enn ein arbeidsstad i kommunen, og korleis du ynskjer å prioritera
• Perioden du kan arbeida – frå/til dato. Kva type arbeid du aller helst ynskjer, t.d. heimehjelp, heimesjukepleie, miljøarbeid eller institusjon.
• Om du har førarkort for bil og om du disponerer bil til tenesta – krav til førarkort i miljøtenesta

 

Klikk her for meir info: https://www.bomlo.kommune.no/sjolvbetjening/ledige-stillingar/sommarvikar-2020.233709.aspx

Søk elektronisk her innan 1. mars 2020

 

Bømlo-nytt