Sakshandsamar 100% fast - arealbruk

Bømlo kommune
Bømlo
Søknadsfrist: 25. mars 2019
Publisert: 22. februar 2019

Bømlo kommune har ledig 100% fast stilling som sakshandsamar ved eininga Arealbruk frå snarast.

Arealbruk har mange varierte arbeidsoppgåver og ynskjer difor å knyta til oss meir fagkompetanse innan både bygg og arealplanlegging. Annonsen er såleis open på båe desse fagfelta og arbeidsoppgåver vil bli tildelt ut frå kvalifikasjonane til den som vert tilsett. Avdelinga rapporterer til rådmann og er inndelt i fagområda plan/byggjesak/oppmåling/landbruk og miljø der me er i dag er totalt 14 tilsette.

Arbeidsoppgåver:
Saksbehandling av byggjesaker
Saksbehandling av private reguleringsplanar
Vegleiing til kommunen sine innbyggjarar og til profesjonelle aktørar, både munnleg og skriftleg, i dette deltaking i teknisk kundetorg
Saksførebuing/utarbeiding av saksframlegg til politisk behandling.
Arbeidsoppgåvene vil elles vera avhengig av dei behov som avdelinga har til ei kvar tid og av kvalifikasjonane til den som blir tilsett
Stillinga rapporterer til avdelingsleiar Arealbruk

Kvalifikasjonar:
Utdanning innafor areal og eigedomsutvikling med relevant fagområde frå universitet, høgskule eller teknisk fagskole, gjerne arealplanleggjar, bygningsingeniør, arkitekt eller jurist på master, eventuelt bachelornivå
Kunnskap eller erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel, men nyutdanna kan også søkja
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Erfaring med bruk av GIS-verktøy, kjennskap til bruk av elektronisk saksbehandlings-system og andre IT-verktøy
Må disponere eigen bil

Personlege eigenskapar:
Lett å samarbeide med
Serviceinnstilt, initiativrik og effektiv
Strukturert og god til rett prioritering av arbeidsoppgåve.
Er positiv og interessert i å bidra i avdelinga si utvikling
Set deg raskt inn i nye problemstillingar og leverer sjølv under tidspress

Me tilbyr:
Godt arbeidsmiljø
Varierte og spennande arbeidsoppgåver
Kjekke og hjelpsame kollegaer
Fleksibel arbeidstid
Konkurransedyktige løns- og avtalevilkår
Medlemskap i KLP

Kontaktperson:
Konst. avdelingsleiar arealbruk Elisabeth Gjerde – 53 42 31 54 / 46 96 49 85

Søk elektronisk innan 25.03.2019

Bømlo-nytt