Ressurskoordinator Bømlo Kraftnett AS

Finnås Kraftlag
Søknadsfrist: 26. mars 2021
Publisert: 22. februar 2021

Ressurskoordinator Bømlo Kraftnett AS

 

Bømlo Kraftnett AS inngår i konsernet Finnås Kraftlag SA. Finnås Kraftlag er organisert som eit sameige og er eigd av innbyggjarar og bedrifter på Bømlo. Me skal arbeida for å skaffe ei god og sikker straumforsyning til beste for innbyggjarane i vårt område. Bømlo Kraftnett AS byggjer og driftar straumnettet i Bømlo kommune med unntak av Brandasund. Me er 17 flinke og dedikerte tilsette som nå ynskjer å styrke laget med ein ressurskoordinator. Konsernet har nokre verdiar som me set høgt og som våre tilsette skal ha med seg i alt dei gjer. Desse verdiane er: Servicevennlege, dyktige, rettskafne og offensive

 

Me ynskjer oss nå ein dyktig person som kan hjelpe oss med å bli enda betre:

 

Arbeidsoppgåver:

Arbeids- og ressurskoordinering

Planlegging lågspent

Oppdatering av nettinformasjonsdata (NetBas)

Delta i vaktordning som overordna vakt

Oppfølging av vedlikehaldsplanar (både høg- og lågspent)

Innkjøp av driftsmateriell

Oppfølging av prosjekt i felt

Kundekontakt

Kabelpåvising

 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Fagbrev Energimontør (A eller H)
  • Teknisk fagskule. (Relevant erfaring kan kompensere for dette kravet)
  • God IT kunnskap
  • Strukturert
  • Gode samarbeidsevne
  • Løysingsorientert
  • Serviceinnstilt
  • Erfaring frå bransjen
  • Erfaring med dokumentasjon
  • Erfaring med arbeidsleiing
  • Førarkort klasse B

 

Me kan tilby:

  • Gode løns- og pensjonsvilkår
  • Kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Variert kvardag
  • Velferdshytte

 

Kontaktpersonar for stillinga:

Avdelingsleiar Nett; Ståle Mæland, tlf: 975 55 922

Administrerande direktør; Tor Bjarne Smedsrud, tlf: 908 72 257

 

Send søknad til:

Søknad sendast på e-post til firmapost@bomlo-kraftnett.no innan fredag 26 mars. Merk e-post med Ressurskoordinator.

Bømlo-nytt