Rekneskaps-medarbeidar

Finnås Kraftlag SA
Søknadsfrist: 18. april 2021
Publisert: 29. mars 2021

 

Finnås Kraftlag SA søker rekneskapsmedarbeidar           

 

Finnås Kraftlag SA er eit konsern med to heileigde dotterselskap, Finnås Kraftlag AS og Bømlo Kraftnett AS . Finnås Kraftlag AS leverer breibandtenester og driv med kraftomsetning, medan Bømlo Kraftnett er nettselskap som eig og driftar straumnettet på Bømlo, med unnatak av Brandasund. Finnås Kraftlag SA er organisert som eit sameige og er eigd av innbyggjarar og bedrifter på Bømlo. Finnås Kraftlag SA leverer administrative tenester til dotterselskapa. Konsernet har til saman 31 dyktige tilsette. Me har nokre verdiar som me set høgt og som våre tilsette skal ha med seg i alt dei gjer. Desse verdiane er: Servicevennlege, dyktige, rettskafne og offensive

 

 

Me søker etter ein dyktig person til økonomi-avdelinga vår :

 

Arbeidsoppgåver:

  • Lønn
  • HR
  • Betalingsoppfølging
  • Bilagsføring
  • Avstemming
  • Kundeservice
  • Andre førefallande administrative oppgåver

 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning innanfor rekneskap/økonomi/revisjon og/eller autorisert regnskapsfører
  • Erfaring frå Lønn og HR
  • God IT kunnskap
  • Strukturert
  • Gode samarbeidsevne
  • Løysingsorientert
  • Minimum 3 års relevant arbeidserfaring
  • Service er eit viktig ord hos Finnås Kraftlag. Me søker ein positiv og utadvent person som meistrar travle periodar med pågangsmot og god humør.

 

Me kan tilby:

  • Gode løns- og pensjonsvilkår
  • Kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Fagleg oppdatering gjennom relevante kurs
  • Variert kvardag
  • Velferdshytte

 

Kontaktpersonar for stillinga:

Økonomi- og administrasjonsleiar; Bente Steinsland, tlf: 482 18 103

Administrerande direktør; Tor Bjarne Smedsrud, tlf: 908 72 257

 

Send søknad til:

Søknad sendast på e-post til firmapost@finnas-kraftlag.no innan 18.04. Merk e-post med Rekneskapsmedarbeidar

Bømlo-nytt