Reinhaldsmedarbeidarar - 50-100% fast

Bømlo kommune
Søknadsfrist: 19. juni 2019
Publisert: 7. juni 2019

Reinhaldsmedarbeidarar – 50-100% fast

Bømlo kommune søkjer 13 reinhaldsmedarbeidarar i 50-100% fast stilling som vil bidra til høg kvalitet og god service.

Bømlo kommune skal i 2019 opprette ein eigen reinhaldsavdeling. I areal skal avdelinga ha ansvar for kring 35 000 m2 og mellom anna 10 skular, rådhus, institusjonar og ulike andre bygg. Kvalitet vert målt etter NS-INSTA800 standard.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg reinhald
  • Periodisk reinhald
  • Hovudreinhald (nedvask)
  • Følge opp helse, miljø og tryggleik (HMT)
  • Utføra reinhald i høve arbeidsomfang og planar

Eigenskapar:

  • Kommunisera godt munnleg på norsk
  • Evne til å arbeida både sjølvstendig og i team
  • Evne til å støtte andre og byggje gode relasjonar
  • Interessert i fagleg oppdatering og utvikling innan feltet

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør er eit føremon, men relevant erfaring kan og telja
  • God kjennskap til INSTA800 standarden
  • Det blir lagt stor vekt på samarbeidsevne og evne til å arbeida sjølvstendig
  • Ønskelig å disponere privat bil til kommunal tjeneste
  • Førarkort klasse B

Me tilbyr:

  • Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
  • Stillingsprosent frå 50 % til 100%
  • Kommunal pensjonsordning
  • Stillinga blir tilsett umiddelbart med forbehold om gjeldende vedtak i Kommunestyre

Spørsmål om stillinga kan rettast til leier teknisk drift Vardan Vardanyan – 53 42 31 43 eller personalsjef Vanja Espeland – 53 42 31 11.

Søk elektronisk her innan 19. juni

Bømlo-nytt