Journalist

Bømlo-nytt
Søknadsfrist: 15. oktober 2021
Publisert: 3. september 2021

Er du journalisten for oss?

 

Om lokalavisa

Bømlo-nytt kom første gong ut 30. august 1973, og kan altså feire 50 år om kort tid. Me kjem ut på papir onsdag og laurdag, men oppdaterer nettavisa vår, www.bomlo-nytt.no kontinuerleg. Godkjent opplag i 2020 var 3.555, og over 7000 les oss dagleg på nett og papir.

I Bømlo-nytt er det 7,8 årsverk og åtte tilsette. Fem i redaksjonen, to på marknad og ein på grafisk.

Mediekonsernet Polaris er hovudaksjoner, noko som gjer at Bømlo-nytt har svært gode ressursar tilgjengelege – utover eigen stab.

Bømlo-nytt er den leiande mediebedrifta i Bømlo kommune, og skal også vere den føretrekte informasjonskanalen inn i framtida. Bømlo-nytt har hatt ei særs positiv utvikling dei siste åra, med stor auke både av lesarar og annonsørar på våre plattformer.

Me satsar for fullt digitalt og ønsker ein journalist som veit korleis saker blir godt lese på nettet.

 

Ønskelege kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning innan journalistikk, kommunikasjon, eller liknande
  • Forståing for medieutvikling og digitalisering
  • Redaksjonell erfaring
  • Emne til å levere nyhende raskt, og samtidig levere større saker
  • Sjølvstendig og kreativ
  • Trigga av trafikk på eigne saker og heiar fram andre for å nå felles mål

 

Du må rekne med turnus med kvelds- og helgejobbing, og det er ein føresetnad at du har førarkort og disponerer eigen bil.

Målforma i avisa er nynorsk.

 

Hos oss får du:

  • Jobbe i eit positivt og dynamisk arbeidsmiljø
  • Spennande arbeidsdagar med stor fridom
  • Gode kollegaer
  • Tilgang på gode analyseverktøy som legg til rette for vekst og utvikling
  • Konkurransedyktige lønstilhøve og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidsstad: Bømlo

Søknadsfrist: 15. oktober

 

Kontaktinfo:

  • Ansvarleg redaktør Mona Terjesen, 95186671
  • Leiar for redaksjonsklubben Nils-Tore Sele, 982 42 015
  • Dagleg leiar Reidar Hystad, 906 76 983

Søknad kan sendast til: mona@bomlo-nytt.no

Bømlo-nytt