IKT-konsulent/rådgjevar - 100% fast

Bømlo kommune
Søknadsfrist: 23. september 2020
Publisert: 4. september 2020

IKT-konsulent/rådgjevar – 100% fast

Bømlo kommune har ledig 100% fast stilling som IKT-konsulent/rådgjevar med oppstart etter avtale.

 

IKT-avdelinga heldt til i rådhuset med 6 fast tilsette og 3 lærlingar. Der driftar me alle kommunen sine IKT systema og telefoniløysingar, og i tillegg deltar i ein internkommunalt samarbeid og er vertskommune for sak og arkivsystemet. Bømlo kommune har ledig 100 % fast stilling som IKT-rådgjevar med oppstart etter avtale. Den som blir tilsett skal legge til rette for god service og brukarstøtte til alle tilsette i kommunen

Arbeidsoppgåver:

• Drift, support, installasjon, analyse, feilretting og vedlikehald av Datasenter.
• Drift og vedlikehald av kommunen sitt felles- og fagsystem
• Rådgiving i samband med teknologi, programvare og maskinvare
• Vere med i planlegging, drift og vidareutvikling av kommunen sitt nettverk- og tryggingsløysingar.
• Prosjektdeltaking og prosjektgjennomføring
• Stillinga rapporterar til avd.leiar Andre Thinh Nguyen

Kvalifikasjonar:

• IKT utdanning frå høgskole/universitet. Relevant og dokumentert erfaring kan kompensera for utdanningskravet
• Gode kunnskapar og relevant erfaring frå driftsmiljø basert på Microsoft plattform
• Gode kunnskapar og relevant erfaring innan server, lagring og nettverk
• Kjennskap eller erfaring Microsoft MDM/Intune.
• Fordel om ein har erfaring med Office365 administrasjon

Personlege eigenskapar:

• Gode evner til å sette deg inn i nye ting
• Utadvendt, sjølvstendig, ansvarsbevisst og strukturert
• Læreviljug og med ynskje og evne til god fagleg utvikling
• Serviceinnstilt og løysningsorientert
• Jobbar godt i team, men også sjølvstendig
• Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
• Søkjar bør ha førarkort klasse B.

Me tilbyr:

• Spennande og allsidige arbeidsoppgåver
• Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
• Pensjonsordning i kommunale pensjonskasse
• Fleksitidsordning
• Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.
• Arbeidsoppgåver kan endrast som følge av endrande forutsetningar og fagleg utvikling

Kontaktperson: 

Avdelingsleiar IKT – Andre Thinh Nguyen 53 42 30 42 / 488 91 041 eller Jarle Nakken 468 01 504

Søk elektronisk her innan 23.09.2020

Bømlo-nytt