Har du skrivekløe?

Bømlo-nytt
Søknadsfrist: 31. mars 2020
Publisert: 27. desember 2019

Marknadsavdelinga i Bømlo-nytt ønskjer å styrka marknadsteamet vårt for å møta behov for endå fleire produkt levert frå oss og søkjer difor etter ein

Innhaldsprodusent avdeling marknad

Den rette kandidaten har interesse for næringslivet og synest moderne marknadsføring er spanande. I rolla som innhaldsprodusent er det ønskjeleg med erfaring frå både tekst, foto og gjerne video. Det er òg eit pluss å ha jobba i avis tidlegare.

Vi leitar etter ein person til å produsera innhaldsmarknadsføring for oss. Det passar fint om denne personen vil ta frilansoppdrag og jobba i marknadsteamet vårt ved behov gjennom året. 

Vi treng ein innhaldsprodusent med erfaring innan kommersiell utforming av content-innhald og som har god kompetanse digitalt. Personen må vite kva som engasjerer, kva som er salgsutløysande og kan skreddarsy innhald etter dette – med målsetjinga til kunden i fokus.

 

Ønska kvalifikasjonar:

•Utdanning/erfaring innan journalistikk / kommunikasjon / media eller marknadsføring

•Kunnskap innan digital og visuell historieforteljing for web / sosiale medium / print

•Oppdatert på kravet ulike flater har til form og innhald

•Sjølvgåande, men samtidig evna til å vera samstemt ovanfor kundar og kollegaer

•Strukturert, iderik og proaktiv

 

Me tilbyr:

•Varierte og spanande oppdrag

•Løn / arbeidstid etter avtale

 

Er du flink til å skriva, er god på sal/marknadsføring, kreativ og synest dette høyrest spanande ut?

Send søknad og CV til: hege@bomlo-nytt.no

Har du spørsmål, kontakt: Hege Jakobsen Valde – Tlf: 415 62 009

Bømlo-nytt