Fiskehelse-ansvarleg

Tubilah
Søknadsfrist: 23. september 2020
Publisert: 9. september 2020

Oppdrett av kveite er ikkje heilt rett fram enno, alle svara finst ikkje enno, kanskje er ikkje alle spørsmåla stilte enno eingong. Dette er eit fantastisk utgangspunkt for dei av oss som synest innovasjon i havrommet er spennande, tenk å få vere med å forme suksesshistorien for kveite! Me kan m.a. tilby mykje frisk luft, og ikkje to dagar som er like, kjekke folk (da må du vera òg!), løn etter avtale og ordna forhold.

Du; ein som evnar å ha omsorg for fisken vår, har gode haldningar til det å vere i arbeid, synsest HMS er ein naturleg del av kvardagen, likar endringar, legg deg ikkje sjuk i tide og utide, er omgjengeleg og har godt humør. Om du har lett for å sjå svart på ting er nok ikkje dette staden for deg.

Det er nesten det same kva formell kompetanse du har, sjukepleiar eller ingeniør, helsefag eller frisør, det viktigaste er interessa og evna  for å yta omsorg og stell for fisken vår. Sjå elles nedanfor for meir detaljar.

 

Til vår forskingslokalitet i Bømlo søker vi

Fiskehelseansvarleg 

Arbeidsoppgåver:

• Produksjon- og kvalitetsoppfølging 

• Fokus på biologiske resultat

• Oppfølging av datafangst

• Røkting og deltaking i vaktordning

• Delta i innovasjonsprogrammet

 

Ynskjelege kvalifikasjonar:

• Høgare utdanning innan akvakultur eller tilsvarande lang relevant erfaring

• Teknisk og biologisk innsikt

• Erfaring innan akvakultur

• Løysingsorientert og samarbeidsvillig 

• Strukturert og ryddig

Me kan tilby ein interessant jobb med gode arbeidstilhøve. Fiskehelseansvarleg vil få ansvar knytt til innovasjonsprosjektet med mange spanande oppgåver. 

For meir informasjon, ta kontakt med Jan Ove Morlandstø på tlf: 90 83 77 32 eller e-post: jan.ove@tubilah.no,

eller Per Arne Moldøen, tlf: 94 14 13 93 eller e-post: per.arne@tubilah.no

 

Skriftleg søknad sendast innan 23.10.2020 til:

Tubilah AS • Stavlandsveien 5 • Bømlo Storsenter • 5430 Bremnes. Eventuelt: post@tubilah.no

 

Tubilah AS er eit selskap som produserer kveite for krevjande kundar både til inn- og utanlands. Selskapet har utvikla ny teknologi for produksjon av kveite i lukka anlegg og er no gjennom første testfasen. Me aukar no produksjonen frå 500 tonn kveite årleg til 1000 tonn og i samband med dette treng me meir arbeidskraft.

https://www.tubilah.no/

Bømlo-nytt