Feiar - 100% fast stilling

Bømlo kommune
Bømlo
Søknadsfrist: 12. mai 2019
Publisert: 9. april 2019

Feiar 100% fast stilling – Bømlo brann og redning

Feiarannonse 2019 someheader (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Bømlo brann og redning har ledig 100% fast stilling som feiar.

Bømlo kommune er ein godt utbygd øykommune i Sunnhordland med ca. 12.000 innbyggjarar og er landfast via Trekantsambandet. Bømlo har allsidige service- og kulturtilbod, gode fritidstilbod og gode kommunikasjonstilhøve. Busetnaden er spreidd med 7 tettstader, med handels- og kommunikasjonssenter på Svortland. Det maritime miljøet pregar næringslivet med over 700 bedrifter, eit høg-teknologisk miljø, mekanisk industri, rederiverksemd, havbruksnæring, reiselivs-, handels- og servicenæringar. Bømlo brann og redning har fem faste stillingar, der to er feiarar, og eit deltidsmannskap på kring 40. Fire brannstasjonar er tilknytta brann- og redningstenesta: Svortland, Moster, Søre Bømlo og Espevær. Me oppmodar kvinner til å søkje hos oss.

Arbeidsoppgåver:

  • Stillinga er organisatorisk plassert i førebyggjande avdeling i brannvernet.
  • Arbeidet består i hovudsak i oppsøkande verksemd, inspeksjon av bustader og informasjon til bebuarar og huseigarar.
  • Tilsynet inneber hovudsakleg inspeksjon av piper og eldstader, men også generelt brannvern i bustader, informasjon og rettleiing om brannfare og rett fyring.

Kvalifikasjonar:

  • Primært ønskjer me søkjarar som har fagbrev i feiarfaget. Me vil likevel vurdere andre kvalifiserte søkjarar.
  • Søkjar må seia seg viljug til å gjennomføra kurs og opplæring for å tileigna seg manglande utdanning/kompetanse.
  • Personlege eigenskapar som evne til å kommunisere, skape tillit og formidle informasjon er særleg viktig.
  • Kjennskap til IT er naudsynt. Søkaren må minst ha førarkort klasse B.

Moglegheiter:

  • Stillinga vil medføra opplæring og vidare utvikling i brannvernfaget.
  • For interesserte søkjarar kan det bli moglegheit for deltaking i brannvernet sin beredskap og vaktordning. Søkjarar som stettar krav til slik deltaking vil bli føretrekte.
  • Løn etter avtale. (Løn for deltaking i brannvernet sin beredskap etter lokal særavtale).
Nærare opplysingar: brannsjef Ove Halleraker- tlf. 53 42 31 24 / 415 61 144 eller leiar førebyggjande Bjørn Hroar Sortland – tlf. 53 42 31 22 / 917 14 199.

Søk elektronisk her innan 12. mai 2019

Bømlo-nytt