DRIFTSOPERATØR / RØKTAR

Fylkesnes Fisk
Søknadsfrist: 10. juni 2020
Publisert: 19. mai 2020

Fylkesnes fisk er eit lokaldrive havbruksselskap med matfiskproduksjon av laks frå Bømlo. Selskapet er i tillegg involvert i setjefiskproduksjon, slakting og forskingsarbeid.

Me treng fleire dyktige medarbeidarar og søkjer difor etter

DRIFTSOPERATØR / RØKTAR

Me er på jakt etter deg som likar frisk luft, ha sjøen som arbeidsplass og har interesse for oppdrett av fisk.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er dagleg fôring og røkt av fisk, samt drift og vedlikehald av anlegg og utstyr. Dersom du har relevant utdanning eller erfaring frå havbruk, så er det ein fordel. Me ser gjerne også at du har biologisk kunnskap og interesse for fôring av fisk.

Av personlege eigenskapar ønskjer me at du har evne til å stå på, ønskjer å læra nye ting og er ein lojal og positiv bidragsytar i arbeidslaget. Du må vera ryddig, strukturert og kunna arbeida sjølvstendig, og samtidig ha gode samarbeidsevne.

Arbeidsplass vil variera i periodar etter kvar me har utsett fisk, enten på lokalitet ut frå basen vår på Fylkesnes, Brandasund eller Leirvik.

Send søknaden din til post@fylkesnesfisk.no snarast og seinast innan 10. juni. Oppstart snarast etter avtale.

Spørsmål? Ta kontakt med dagleg leiar Erik Fylkesnes på telefon 905 83 355.

Bømlo-nytt