Driftsoperatør og controller

Fylkesnes Fisk
Søknadsfrist: 30. november 2019
Publisert: 8. november 2019

Fylkesnes Fisk AS er eit lokaldrive havbruksselskap med matfiskproduksjon av laks frå Bømlo. Selskapet er i tillegg involvert i setjefiskproduksjon, slakting og forskningsarbeid.

 

Me treng fleire dyktige medarbeidarar og søkjer derfor etter Driftsoperatør og Controller

 

DRIFTSOPERATØR

Oppgåver vil vere:

•Delta i planlegging og drift av anlegget for å oppnå optimal produksjon

• Dagleg fôring og røkting av fisk

• Drift og vedlikehald av anlegg og utstyr

• Delta i helgevaktordning og i større arbeidsoperasjonar

 

Ønska kvalifikasjonar innan:

• Relevant utdanning eller erfaring fra havbruk

• Biologisk kunnskap og interesse for fôring og fisk

• Ryddig, strukturert og sjølvstendig

• Gode samarbeidsevner, engasjerande og motiverande ovanfor medarbeidarar

• Lojal og positiv lagspelar som evnar å få laget til å arbeide mot same mål

 

CONTROLLER

Oppgåver vil vere å bistå dagleg leiar i:

• Oppfølging av rekneskap og økonomi

• Rapportering til myndigheiter

• Administrative- og HR-oppgåver

• Oppfølging av FoU-prosjekter og dokumentasjon

 

Ønska kvalifikasjonar innan:

• Rekneskap, økonomi og administrasjon.

• Erfaring innan havbruk

• Ryddig, strukturert og sjølvstendig

• Gode samarbeidsevner

• Positiv og initiativrik

 

Me kan tilby:

• Varierte og interessante arbeidsoppgåver

• Trivelege og dyktige kollegaer i eit aktivt arbeidsmiljø

• Konkurransedyktige løns- og pensjonsordningar

• Tiltreding snarast etter avtale

 

Henvendingar og søknadar til stillingane sendes til: post@fylkesnesfisk.no

Søknadsfrist: 30.11.2019

Bømlo-nytt