Arkivansvarleg

Bømlo kommune
Søknadsfrist: 17. januar 2021
Publisert: 5. januar 2021

Arkivansvarleg – 100% vikariat ut 2021

Fellessekretariatet på rådhuset har ledig 100% vikariat som arkivansvarleg frå 1. januar til 31. desember 2021. 2. gangs utlysing med frist 17.1.2021.

Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver:

• Ha ansvar for drift og utvikling av arkivtenesta
• Vera  ein pådrivar til å sikre vidareutvikling og nytenking kring kommunens dokumentsikkerheit
• Delta aktivt i den daglege tenesta ved avdelinga

Kvalifikasjonar:

• Relevant høgare utdanning innan arkiv, dokument og forvaltningstryggleik
• Relevant erfaring frå offentleg sektor vil bli vektlagt
• Kunnskap om Noark 5 standard og elektronisk arkiv
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne (nynorsk)

Personlege eigenskapar:

• Sjølvstendig
• Effektiv
• Serviceinnstilt
• Positiv

Me tilbyr:

• Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
• Medlemskap i kommunen sine pensjons- og forsikringsordningar
Kontakt: avdelingsleiar Jorunn Alise Steinsvåg – 959 02 246

Søk elektronisk her innan 17. januar 2021

Bømlo-nytt