Arealplanleggjar 100% fast stilling

Bømlo kommune
Søknadsfrist: 29. september 2019
Publisert: 4. september 2019

Arealplanleggjar 100% fast – arealbruk

Arealbruk har ledig nyoppretta fast 100% stilling frå snarast for arealplanleggjar.

Annonse arealplanleggjar - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune er ein godt utbygd øykommune i Sunnhordland. Kommunen har allsidige service- og kulturtilbod, vakker og variert natur og gode kommunikasjonstilhøve. Bømlo kommune er ein IA-kommune.
Me har oppretta ny 100% fast stilling som arealplanleggar ved eininga Arealbruk. Avdelinga har frå før to stillingar på fagområdet. Me har ein aukande pågang av initiativ til private reguleringsplanar. Kommunen har også gjort vedtak om at det skal lagast nye kommunale reguleringsplanar i sentrumsområda Svortland og Mosterhamn. I tillegg vil sluttføring av Bømlopakke 2 krevja reguleringsplanar ved utbetring av fylkesvegane. I løpet av hausten tek me dessutan til med arbeidet med rullering av arealdelen til kommuneplanen. Dette arbeidet vil krevja auka kapasitet på planbehandling. Arealbruk rapporterer til rådmann og er inndelt i fagområda  plan/byggjesak/oppmåling/ landbruk og miljø der me er i dag er totalt 14 tilsette.

Arbeidsoppgåver:

• Sakshandsaming av kommunale- og private reguleringsplanar
• Delta i utarbeiding av arealdel kommuneplan
• Saksførebuing/utarbeiding av saksframlegg til politisk behandling.
• Vegleiing til kommunen sine innbyggjarar og til profesjonelle aktørar, både munnleg og skriftleg.
• Arbeidsoppgåvene vil elles vera avhengig av dei behov som avdelinga har til ei kvar tid og av kvalifikasjonane til den som blir tilsett
• Stillinga rapporterer til avdelingsleiar Arealbruk

Kvalifikasjonar:

• Utdanning innanfor geografi, samfunns- eller arealplanlegging på masternivå frå høgskule eller universitet.
• Kunnskap eller erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel, men nyutdanna kan også søkja.
• God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
• Erfaring med bruk av GIS-verktøy herunder SOSI, kjennskap til bruk av elektronisk saksbehandlings-system og andre IT-verktøy.
• Må disponera eigen bil.

Personlege eigenskapar:

• Lett å samarbeida med.
• Serviceinnstilt, initiativrik og effektiv.
• Strukturert og god til rett prioritering av arbeidsoppgåver.
• Er positiv og interessert i å bidra i avdelinga si utvikling.
• Set deg raskt inn i nye problemstillingar og leverer sjølv under tidspress.

Me tilbyr:

• Godt arbeidsmiljø.
• Varierte og spennande arbeidsoppgåver
• Kjekke og hjelpsame kollegaer
• Fleksibel arbeidstid
• Konkurransedyktige løns- og avtalevilkår
• Medlemskap i KLP
Kontaktpersonar:
Konst. avdelingsleiar Elisabeth Gjerde – 53 42 31 54/ 469 64 985
Landbrukssjef Njål Gunnar Slettebø – 53 42 31 32 / 910 08 397
Bømlo-nytt