
Byggjesaksbehandlar
Søknadsfrist: | 28. februar 2025 |
Publisert: | 11. februar 2025 |
Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS er eit rådgjevande ingeniørkontor med 11 tilsette og kontor i Fjord’n Senter i Eikelandsosen i Fusa. Firmaet vart etablert i 1988.
Hovudoppgåvene er utarbeiding av reguleringsplanar, utarbeiding av byggjesaker,
planlegging og prosjektering av kommunaltekniske anlegg, prosjektleiing og taksering i sentrale deler av Hordaland og Bergen. Me har for tida masse oppdrag i Bergen og alle omengskommunane samt Voss, Kvinnherad og Tysnes. I eit firma av vår storleik er det ønskeleg at ein har brei kompetanse og interesse for å arbeida med ulike oppgåver og fagfelt.
På grunn av auka arbeidsmengde søkjer me etter nye medarbeidarar:
Byggjesaksbehandlar
Innan fagfeltet opplever vi ein auke av ulike typar byggesøknader både for nye bustadar, garasjar og tilbygg, ulike tekniske anlegg samt større bustadprosjekter. Me søkjer derfor etter ein person som har kompetanse og interesser innan fagfeltet og som kan styrkja vår organisasjon. Juridisk kompetanse og god skriftleg evne til formulering vil vere eit føremon. Arbeidsstad vil vere i Eikelandsosen, med stor fleksibilitet for heimekontor.
Arbeidsoppgåver:
– Ha rolla som ansvarleg søkjar og utarbeide byggjesøknader for prosjekt innan både bygg og anlegg
– Utarbeide erklæringar andre avtaletekstar i samband med byggjesaker og andre prosjekt
– Søknad om frådeling, seksjonering
Felles kvalifikasjonar:
– Relevant utdanning frå høgskule og universitetsnivå
– Kunnskap om plan- og bygningslova
– Gode skriftlege og munnlege norsk kunnskapar
– Manglande utdanning kan kompenserast med erfaring
Ta kontakt med Andrè Bjørndal, tlf. 950 42 104, andre@byggadmin.no
Elin Espevik Andreassen, 464 31 143, elin@byggadmin.no
Søknaden kan sendast oss på: andre@byggadmin.no
Søknadsfrist: 28.02.2025