![Hardingsmolt](https://tjenester01.agdermedia.no/wp-content/uploads/2022/02/Hardingsmolt_logo-300x55.jpg)
Automatikar
Søknadsfrist: | 7. februar 2025 |
Publisert: | 20. januar 2025 |
Brenn du for ei framtidsretta oppdrettsnæring? Ynskjer du å vere med Hardingsmolt i ein spennande utviklingsfase når me no utvidar anlegget vårt i Tørvikbygd? Me er på jakt etter ein kompetent og sjølvgåande person med god teknisk innsikt og kompetanse for å bli ein del av vårt team i Tørvikbygd.
Me søkjer automatikar
Me ser for oss at du liker å jobbe i eit innovasjonsretta oppdrettsselskap. Kanskje du er også interessert i samspelet mellom teknikk, kjemi og biologi. Du ser verdien av å jobbe saman mot eit felles mål saman med kjekke kollegaer med ekspertise frå ulike fagfelt. I denne stillinga vert dine arbeidsoppgåver varierte og beståande av t.d.
- tilsyn, vedlikehald, oppgradering og feilsøking av anlegg og komponentar
- tilsyn av renseanlegg og sensorikk knytt til disse
- registrering av kontrollparameter
- oppfølging av produksjons-, vedlikehalds- og internkontrollsystem
- røkting og tilsyn av fisk
- deltaking i større operasjonar knytt til mottak og levering av fisk
- mulighet for å inngå i vaktordning
Me treng deg som raskt kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og vere med og utvikle korrekt arbeidsmetodikk, men også ta del i praktisk problemløysing. Du har ei oppriktig interesse for oppdrett, og kommuniserer effektivt med dei rundt deg på norsk.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- fagbrev som automatikar
- kompetent og sjølvgåande problemløysar
- bidrar positivt til arbeidsmiljøet rundt deg
Hos oss vert du del av eit dyktig team som jobbar tett saman for å gje gode veksttilhøve for fisken. Hardingsmolt er opptatt av å vidareutvikle kompetansen til våre tilsette og å halde seg oppdatert på aktuelle kurs.
Me kan tilby
- konkurransedyktige vilkår.
- for den rette kandidaten er det mogelegheiter for å bygge erfaring og utviklingspotensiale innad i organisasjonen.
- veldig gode pensjons- (AFP og innskot) og forsikringsordningar.
Les meir om oss på våre nettsider www.hardingsmolt.no. For ytterlegare informasjon om stillinga, ta kontakt med Marthe Knight, administrasjonssjef på tlf. 94177549.
Søknad og CV sendes innan 7. februar 2025 til: marthe.knight@hardingsmolt.no