Osøren Jazzensemble

Mobergsbakken 20, 5200 Os
900 600 184
mildest@online.no

Osøren Jazzensemble er blitt ein institusjon i Os, og i 2016 kan bandet feira 40 års jubileum.

Mange flinke musikarar har hatt lengre eller kortare fartstid i tradgruppa, men Geir Mildestveit (klarinett) og Geirmund Sandven (trombone) har vore aktive gjennom alle åra.

Terje Neset er med på banjo (og vokal), og Are Ovesen (trompet), Ole Amund Gjersvik (bass), Frank Jakobsen (trommer) utgjer resten av gjengen.

Osøren har vore fast inventar på nær sagt alle Osøren- festivalane, og dessutan spelt på utallige klubbar og festivalar rundt i landet. I tillegg kjem den tradisjonelle 17. mai-jazzen i Mobergsvika/Oseana , som Osøren Jazzensemble nærast har hatt monopol på.

Os og Fusaposten

Os og Fusaposten samlar lag- og foreiningslivet i bygdene til eit rike!

Liv Laga” i 100

Liv laga har passert 50 og er på veg mot 100 registerte lag/foreiningar. MELD PÅ DITT LAG I DAG og vi trekkjer tre vinnarar når vi kjem til 100 som får EITT ÅR GRATIS!

Verdi 899,-

Påmelding til marknad@osogfusa.no

© Os & Fusaposten