Os barne- og ungdomsteater

Håvarsvegen 55, 5208 Os
996 03 271
frflotve@online.no

Hausten 2014 starta Frøydis Flotve opp Os Barne- og ungdomsteater. Dette er eit teaterskuletilbod for barn og unge frå Os og Fusa. Øvingane er kvar mandag i Ungdomshuset på Haugland, Håvarsvegen 55.

Gruppe 1: kl. 17-19, gruppe 2: kl. 19-21.
Inntaket vert gjort 1. juni for oppstart i haustsemesteret.
Teateret har samarbeid med Søre Neset Ungdomslag i høve til lokale for øving og produksjon. ​Medlemmer i ungdomslaget får rabatt på teaterskuleplass.
Pris pr. skuleår 2018-19 er: 2500.- (2300.- SNul.mdl.)

Teatergruppene følgjer skuleruta for Os Kommune. I tillegg til faste øvingar, kan det vere naudsynt med helgeøving i samband med produksjon og framsyningar. I haustsemesteret vert det lagt vekt på teaterøvingar og trening innan ulike teaterteknikkar, der gruppene jobbar frm ein produksjon som vert presentert i løpet av vårhalvåret. Eventuelt interne presentasjonar / arbeidsvisningar for føresette, søsken og vener før jul. Det kan også vere aktuelt å delta på arrangement og visningar i lag med andre aktørar i løpet av året. Målet er at alle skal få utfordringar ut frå sin ståstad. Sidan dette året er 5-årsjubileum for barne- og ungdomsteateret, skal begge gruppene presentere sine produksjonar i Oseana kunst- og kultursenter våren 2019.

Gruppe 1; 4.-7. trinn:
Premiere i Oseana kunst- og kultursenter 7. mai 2019.

Gruppe 2; 13-18 år:
Gruppa deltek på Den Unge Scenen 2018-19. http://dus.as/

Premieren i Oseana Kunst og Kultursenter 20. mars 2019.
​Regional festival på Den Nationale Scene i Bergen: 28.-30. mars 2019

Ta gjerne kontakt dersom du vil delta eller ha oss med på eit arrangement!

Du finn oss òg på Facebook

Os og Fusaposten

Os og Fusaposten samlar lag- og foreiningslivet i bygdene til eit rike!

Liv Laga” i 100

Liv laga har passert 60 og er på veg mot 100 registerte lag/foreiningar. MELD PÅ DITT LAG I DAG og vi trekkjer tre vinnarar når vi kjem til 100 som får EITT ÅR GRATIS!

Verdi 899,-

Påmelding til marknad@osogfusa.no

© Os & Fusaposten