Holmefjord Musikklag

Åsen 1, 5642 Holmefjord
995 53 659
arve.skatun@fusi.no

Me er ein gjeng livlege brassmusikarar som samlast kvar torsdag kl 19:00 på øving i Bygdaheimen på Holmefjord. Laget blei starta i 1980 og har vore aktivt i heile perioden etter det.

I tillegg til øvingar held me konsertar og deltek ellers på ulike arrangement der me kan.

For tida er me 14 medlemmer frå Fusa, Samnanger og Os. Me ynskjer oss fleire og tek i mot alle som har lyst å spele med oss. Me prioriterer ein inkluderande sosial profil og set speleglede i høgsetet. Velkomen til oss!

Os og Fusaposten

Os og Fusaposten samlar lag- og foreiningslivet i bygdene til eit rike!

Liv Laga” i 100

Liv laga har passert 50 og er på veg mot 100 registerte lag/foreiningar. MELD PÅ DITT LAG I DAG og vi trekkjer tre vinnarar når vi kjem til 100 som får EITT ÅR GRATIS!

Verdi 899,-

Påmelding til marknad@osogfusa.no

© Os & Fusaposten