Hålandsdal idrettslag

Hålandsdalsvegen 532, 5640 Eikelandsosen
96 09 44 10
post@haalandsdalil.no

Hålandsdal IL er eit aktivt idrettslag med ca 200 medlemmer. Av dei er  ca 45 aktive skiskyttarar.

Laget driv med skiskyting, langrenn (karusellrenn) og idrettsskule og trim-aktivitetar heile åre for ulike aldersgrupper. I tillegg blir det arrangert  ulike terengløp etc på vår, sommar og haust.

 

Bygdastølen ski – og tursenter
Bygdastølen er ein idyllisk og godt gøymd stad i Hålandsdalen i Fusa kommune. Etter gamalt har bøndene i Hålandsdalen hatt sauer og kyr på beite her. Bygdastølen er eit sjeldant flott utgangspunkt for turar i fjellheimen heile året. Det er likevel om vinteren at Bygdastølen verkeleg kjem til sin rett. Hålandsdal idrettslag har laga eit kjempeflott skianlegg her. Det er preparert 5 kilometer med løyper her i tillegg til standplass for skiskyting med heile 30 blinkar, noko som er like mange som i verdscupen. Det vert arrangert krinsmeisterskap her kvart år. Om vinteren er det alltid mykje meir snø her enn i lågareliggjande delar av Fusa, som nede ved Eikelandsfjorden. Difor opnar løypene vanlegvis relativt tidleg. I vintersesongen mellom jul og påske vert alle løypene preparert kvar einaste dag. Frå parkeringsplassen er det om vinteren skiløype opp til skiskytaranlegget og konkurranseløypene. Alle løypene er lysløyper, og i vintersesongen kan ein ha lys i løypene fram til kl 21.30 kvar dag fram mot påske.
Ankomst: Frå hovudvegen tek du inn ved Holdhus skule. Skulen har også skiskytaranlegg og lysløyper; kor mange oppvekstsenter kan skilta med det? Etter eit par hundre meter tek du til venstre inn mot Hammarland, forbi gamle Holdhus kyrkje og Hålandsdalen leirskule. Fylg vegen heilt til endes. Den øvre delen av den i alt 5 km lange strekninga er verdt turen i seg sjølv, med ei majestetisk utsikt. Parker bilen og ta beina / skia fatt oppover til stadion. Til Bygdastølen er det bomveg og ein kan kjøpa enkeltturar (kontant eller vipps) eller årskort.

Holdhus rulleskiløype
Sommar:
Holdhus rulleskianlegg består av totalt 3 km asfaltert løype og skytebaneanlegg for skiskyting. Rulleskiløypa har trasèar på 0,5 km, 1 km, 2 km og 3 km, alt frå flat og lett løype til lengste trasè som er krevjande. Rulleskiløypa er open for alle, alle dagar. Ein føresetnad for bruk er at du nyttar hjelm ute i løypa.

Rulleskiløypa på Holdhus vert òg preparert jamnleg om vinteren så sant det er snø. Her er òg lysløype om vinteren.

Velkomen til rulleskitrening og skyting i eit flott og moderne anlegg!.

Os og Fusaposten

Hei!

Os og Fusaposten samlar lag- og foreiningslivet i bygdene til eit rike! Sjå PDF-fil under for info om avisas nye storsatsing. Vi lanserte 15. august. Sjekk ut desse  linkane:

På framsida til avisa:
http://www.osogfusa.no/external/liv-laga-demo

Side med lag og foreiningar:
http://tjenester01.agdermedia.no/os-fusaposten/liv-laga/

Eiga bakomside med info + link til lagets eiga nettside/Facebookside:
http://tjenester01.agdermedia.no/osogfusa-livlaga/nore-neset-strikkeklubb/

 

Les meir om «Liv laga» i denne PDF-en.

Send ein epost til marknad@osogfusa og meld på ditt lag idag!

© Os & Fusaposten