Fusa Senioruniversitet vart skipa hausten 2009, og er ein sjølvstendig, ideell organisasjon basert på individuelt medlemskap for dei som ynskjer å læra meir. Me ynskjer å vera ein møteplass for alle, og difor er parolen vår: «For interesserte i alle aldrar».

Møta vert haldne i Fjordn arena kl. 11 – 13, siste tysdagen i kvar månad. På møta våre inviterer me foredragshaldarar med ulike tema, t.d. historiske, lokale eller samfunnsaktuelle.

Fusa Senioruniversitet har ca 90 medlemer. Styreleiar er Gunnar Veland og nestleiar er Sigmund Sjursen.

Adresse: Fjord`n Senter, 5649 Eikelandsosen

Os og Fusaposten

Os og Fusaposten samlar lag- og foreiningslivet i bygdene til eit rike!

Liv Laga” i 100

Liv laga har passert 60 og er på veg mot 100 registerte lag/foreiningar. MELD PÅ DITT LAG I DAG og vi trekkjer tre vinnarar når vi kjem til 100 som får EITT ÅR GRATIS!

Verdi 899,-

Påmelding til marknad@osogfusa.no

© Os & Fusaposten