Fusa Husflidslag

Ådlandsvegen, 5642 Holmefjord
97 14 90 71
torillosadland@gmail.com

Fusa Husflidslag vart stifta 17. februar i 1981. I ein kommune med så lange og mange husflidstradisjonar som Fusa har Husflidslaget ein naturleg plass. Laget ynskjer å halda gamle husflidsteknikkar i hevd gjennom kurs og temakveldar.

Medlemsaktivitetar og kurs vert haldne rundt omkring i kommunen der det høver best. Tid og stad vert annonsert i lokalavisa Os og Fusaposten.

Har du lyst til å læra noko nytt?
Har du kunnskap du ynskjer å friska opp?
Har du kunnskap du ynskjer å dela?

Ung husflid er for born frå 9-13 år. Vi legg opp til ulike husflidsaktivitetar vår og haust, åtte kveldar  for kvar gruppe. Dette er gratis, men dei som er med må melda seg inn i Norges husflidslag sin ungdomsavdeling (160kr i året).
Husflidslaget arrangerer temadagar, for tida kvar 3. måndag i månaden. Desse er opne for alle. Det gjeld også kurs som laget arrangerer.

Ta kontakt med oss!

Os og Fusaposten

Os og Fusaposten samlar lag- og foreiningslivet i bygdene til eit rike!

Liv Laga” i 100

Liv laga har passert 50 og er på veg mot 100 registerte lag/foreiningar. MELD PÅ DITT LAG I DAG og vi trekkjer tre vinnarar når vi kjem til 100 som får EITT ÅR GRATIS!

Verdi 899,-

Påmelding til marknad@osogfusa.no

© Os & Fusaposten